Smittevernforums Årskonferanse 2023

Scandic Oslo Airport - Gardermoen/Oslo 17.- 18. oktober 2023

I 2023 møtast me på Gardermoen/Oslo på Scandic Oslo Airport. Sjølve konferansen er tirsdag 17. og onsdag 18. oktober. Generalforsamling føregår mandag 16.oktober om kvelden(Ca. kl 19). Styret er igang med programmet og du kan framleis komme med innspel på post@smittevernforum.no

Det blir nok eit jubileum; me skal feire ein 40-åring så festmiddagen kan vere verdt å få med seg.

Early bird: 30.juni. Det er ikkje opna for påmelding enno.

Er du medlem Smittevernforum? Bli medlem her

Pris pr år pr medlem: kr 300 . For leverandør kr 600 pr år.  Å vere medlem medfører fleire fordelar: redusert pris på årskonferansen, du kan søke stipend og du har stemmerett på generalforsamlinga

Stipend: Det er to stipend du kan søke på; eit fagutviklingsstipend og eit til førstegangsdeltakelse på Smittevernforums årskonferanse. Søknadsfrist er 1.juni, informasjon og søknadsskjema finner du HER

Poster: har du eit spennande prosjekt-, forbetrings- eller forskningsarbeid som du ynskjer å dele med andre? Informasjon og rettleiing finner du HER

Årets smitteverner - kven blir det i år? Frist 1. oktober. Kriterier og rettleiing finner du HER

Utstiller: Leverandørar på stand er ein viktig og integrert del av Smittevernforum sin årskonferanse. Førebels informasjon finner de HER

Prisantydning: det er ikkje fastsett prisar for konferansen i 2023, heller ikkje for overnatting og mat. Basert på tilbodet i 2022 kan me antyde fylgjande for at du kan berekne eit budsjett til kurssøknad:

Konferanseavgifta i 2022 var: for medlemmer før early bird frist kr 2000,- , for ikke-medlemmer før early bird frist kr 3000,-. Etter earlybird økte prisen med 500,-

Overnatting/deltaker: 1 overnatting 17.-18 med frokost, festmiddag, lunsj og pausemat - kr 3050,-.

Tillegg for overnatting frå den 16. oktober er  kr 1270,- inkl. frokost.

Deltaking begge dagar utan overnatting og middag -  kr 1480,-

 

Gå til toppen